Kjære lesarar.
Det er med eit digitalt smil om munnen at eg no sit her og skriv. Sidan sist har vi fått innføring i både diigo.com og wikispaces.com, og lært ein heil del om sosiale medier. Nordmenn og då særleg dei yngre av oss vel i ei aukande grad å opne seg og sitt liv for andre på internett. Desse ulike sosiale mediene er knytte saman som eit godt gamaldags tankekart. Eit bilete du tek på mobiltelefonen din, er berre eit tastetrykk unna publisering på internett, for mange av oss. I arbeidet med arbeidskrav nr. 2 har vi sett nærare på dette med ungdom og sosiale medier. Det er klart at dagens aktive bruk av PC/Mobil med internettilgang gjer ungdomen mykje meir knytte til dei sosiale nettstadane som ser ut til å vekse opp som paddehattar. Det gjeld å vere med, ha ein brukarkonto både på Facebook, Twitter og andre sider. Ein må for all del ikkje hamne i bakleksa og dermed stenge seg ute frå informasjonsflaumen om kva som skjer. Då eg var ung var det viktig å vere ute og ha fysisk kontakt med vennegjengen. Om ein sat heime gjekk ein ofte glipp av ting. I dag, kan ein sitje med PCen i fanget og vere fullstendig oppdatert på det siste som har skjedd innan venekretsen. Elise S. Tønnessen skriv i si bok Generasjon.com (Tønnessen, 2007: 12) at dei som har vakse opp rundt årtusenskiftet har opplevd ein ”liten medierevolusjon” berre i si levetid.
Utviklinga har gått rasande fort berre dei siste ti åra. Dette er ting vi har fått innsikt i ved å arbeide med arbeidskrav nummer 2. Sjølv tykkjer eg at utviklinga opnar for ein ny måte å halde kontakten med andre på, men eg stiller med skeptisk til at dette kan nokon gong bli ein fullgod erstattar til fysisk kontakt. Eg skal i alle høve følge utviklinga vidare tett på.
Diigo'en vår: http://groups.diigo.com/group/engelsklrarane
Wikispace'en vår:http://ungdomogmedia.wikispaces.com/
1 kommentar:
Eit digitalt smil frå meg og! ;-)
Legg inn en kommentar